Mobilnettet fungerer som normalt

Øystre Slidre kommune fekk kl 2325 bekrefta frå Nasjonal kommunikasjonsmyndighet at feilen som oppsto på mobilnettet tidlegare på kvelden nå er retta. 

Alt skal no fungere som normalt.

(Denne meldinga vart publisert kl 2330 den 19. april 2024)

Kartlegging og verdsetting av område for friluftsliv

Kartlegginga omfattar heile kommunen, og er ledd i nasjonalt prosjekt med mål om at kommunane sine viktigaste område for friluftsliv er kartlagt og verdsatt innan 2018.

Temaplanen omfattar i alt 53 område fordelt på 9 områdetypar.Bakgrunn for prosjektet er å nå det nasjonale målet om at alle skal ha moglegheit til å drive friluftsliv. Det er derfor viktig å ivareta eit bredt spekter av område med ulike kvalitetar.  Som ledd i dette arbeidet skal friluftsområde kartleggast og vurderast med omsyn til kvalitet og verdi.

Planen vart vedteken i formannskapet i sak 93/18 den 7.09.2018. 

Følgjande områdetypar er registrert:       

  • Nærturterreng
  • Store turområde med tilrettelegging
  • Leike- og rekreasjonsområde
  • Store turområde utan tilrettelegging
  • Marka
  • Særlege kvalitetsområde
  • Strandsone
  • Grønnkorridor

 

Aktuell bruk av kart over prioriterte og verdsette friluftsområde med eigenskapsdata:

  • Grunnlag for all arealplanlegging
  • Grunnlag for verksemdsarbeid innanfor friluftsliv ma. prioritering av midlar.
  • Grunnlag for utarbeiding av søknader om spelemidlar og andre tilskotsmidlar.
  • Grunnlag for enkeltsaksbehandling og konsekvensutgreiing.
  • Grunnlag for målretta innsats for å betre tilrettelegginga for friluftsliv.
  • Grunnlag for målretta forvaltning av friluftsområde.
  • Evt. planprosess for etablering av rekreasjonsløyper for snøscooter krev at aktuelle område er kartlagt og verdivurdert, jfr. Nasjonal forskrift § 4 a.
  • Kart og eigenskapsdata blir lagt inn i nasjonal base (Naturbase), og data vil dermed kunne bidra til marknadsføring  av spesielle kvalitetar kommunen har på dette området.

Dokumenta i saka finn du her: