Rogne barnehage

Rogne barnehage - Klikk for stort bilete

 

Rogne barnehage vart teken i bruk hausten 2015 og er ein av to kommunale barnehagar, godkjent for 110 plassar. Barnehagen er bygd slik at barn kan utfolde seg kreativt i leik inne og ute.

I tillegg har vi mange flotte plassar utanfor gjerdet som vi nyttar til opplevingar, leik og læring:

  • Gapahuk og båt ved fjorden. Vi set ut garn og fiskar
  • Gapahuk i skogen
  • Ski og aking på jordet til naboen
  • To leikeplassar i boligområdet
  • Idrettsplassen og skuleplassen

Personalet har høg kompetanse og utfyller kvarandre, og nyttar mykje humor som eit viktig krydder i kvardagen.

Med felles mål og verdisyn har vi ein plattform der vi vil legge til rette for trygge, sjølvstendige barn. Dei vaksne viser toleranse og respekt i dette arbeidet. Vi er fleksible og serviceinnstilte.

Vår satningområde er "Gode relasjonar mellom vaksne skapar eit godtsamspill i barnehagen!"
Relasjonsarbeid, barn-barn, barn-vaksen og vaksne imellom. Fokus på arbeidsmiljø og arbeidsnærvær for dei tilsette er også en del av denne satsing.

Visjon for Rogne barnehage er "For barna!".

 

 

Kontaktinfo

Anne-Kari Gjerdalen
Styrar/tenesteleiar
Telefon 61 35 26 13
Rogne barneahge avdeling Tyrihans
Rogne barnehage avdeling Veslefrikk
Rogne barnehage avdeling Tommeliten
Adresse Rogne barnehage

Solhauglie 8
2943 Rogne

Åpningstider

Måndag - fredag: 07.15- 16.45

 

Frå og med 1. april 2023

  • Onsdag før skjærtorsdag stenger barnehagen kl.12.00
  • Stengt i romjula
  • Stengt i veke 29 og 30

Kartpunkt