Du søkjer om barnehageplass i Foresattportalen
For å søkje om barnehageplass, må du logge deg inn med ID-porten.
Plasstypar
Alle barnehagar tilbyr 3-, 4, og 5 dagars plass. For 3- og 4- dagars plass må du velje kva dagar du ønskjer plass.
I søknadsskjemaet kan du krysse av for at du ønsjer tilbod om andre plasstypar enn den du har søkt til. T.d. om du søkjer 5-dagars plass, men og ønskjer tilbod om 3-, eller 4-dagar plass i same barnehage.
Hugs at dersom du veljer å starte på 3- eller 4-dagars plass, og seinare ønskjer full plass - så må du søkje om full plass seinare. Det er ingen garanti for at vi kan imøtekomme byte av plasstilbod før nytt hovudopptak.
Barnehagar
Beito barnehage og Rogne barnehage er kommunale barnehagar. Heggebø Friluftsbarnehage er ein privat barnehage, denne barnehagene har eigne vedteketer og prioriteringar for inntak.
Du kan søkje om plass i alle tre barnehagar vi har i kommunen. Du rangerer barnehagane som 1., 2. og 3. val.
Den einskilde barnehage skal berre setjast opp ein gong i skjemaet.
Det er fint om du søkjer om plass i fleire enn ein barnehage. Det er ikkje alltid vi kan tilby plass i barnehagen som er 1.valet, da er det greit for oss å vite kva for annan barnehage som er aktuell for dykk. Det er likevel slik nokre gonger at du kan få tilbod om plass i ein barnehage du ikkje har søkt til.
Alder
Barnet må ha fylt 1 år for å få plass i barnehage.