“meistringsskulen - sjølvtillittskulen - finne deg sjølv-skulen”

Øystre Slidre kulturskule tilbyr opplæring og aktivitetar i ulike musikkfag, kunst, teater og hallingdans.
Målet med kulturskulen er at elevane skal lære, skape, oppleve og dele ulike kunst- og kulturuttrykk, i eit trygt og godt læringsmiljø. Vi er på mange måtar eit fritidstilbod, men også ein læringsarena der du møter profesjonelle pedagogar og kunstnarar som brenn for faget sitt. Vi skal ha rom for alle som ynskjer ein plass, og legg til rette for læring og utvikling med utgangspunkt i det du interesserer deg for, og har har forutsetningar for å kunne meistre.
Kulturskulen har om lag 110 elevar på 150 elevplassar, og vi samarbeidar med dei andre kulturskulane i Valdres og grunnskulane i kommunen om organisering av tilbod og bruk av felles lærarar.
Undervisninga:
Kulturskulen er fyrst og fremst for barn og unge, men vaksne kan også søkje om individuell instrumentopplæring. Undervisninga blir gjeve i grupper eller som individuelle timar. Lengda på undervisningstimane varierer mellom ulike gruppetilbod, medan einetimane er på 20 minutt. Spesielt interesserte kan søkje om utvida undervisingstid med inntil 10 minutt i veka. Me tilbyr også eit fordjupingstilbod for elevar med særs gode ferdigheiter og sterk interesse for faget.
Undervisninga i kulturskulen fylgjer skuleåret, med inntil 38 undervisningsveker per skuleår. Mesteparten av undervisninga er etter skuletid, på ettermiddag og kveld, men kan og i enkelte tilfelle leggjast til friminutt i skuletida. Som ein del av opplæringa vert det lagt opp til at elevane skal formidle sine uttrykk gjennom å spele konsertar eller å ta del i andre typar framføringar, opptredenar eller utstillingar.
Opptak:
Kulturskulen har hovudopptak på våren, med søknadsfrist 15.mai. Me tek elles inn elever gjennom heile skuleåret, dersom det er ledig plass på tilbodet.
Elevbetaling:
Kulturskulen er subsidiert av kommunen, og stiller krav om betaling av ein eigenandel i form av elevbetaling per tilbod. Sjå betalingssatsar og rabattordningar for kulturskulen lenger ned på sida.
Det er viktig at den som søkjer set seg inn i kulturskulen sine retningslinjer mtp. forpliktingar, betaling og oppseiing av elevplass.
Rektor:
Øystein Skattebu
Lærarar:
Anica Seljestad - fag: kunst og teater
Arne Nygård - fag: gitar og bass
Eivind Dølerud - fag: fiolin, bratsj, orkester
Håkon Aasen - fag: hallingdans
Ingrid Rogne - fag: langeleik og toradar
Knut Sigbjørn Lien - fag: PU-band
Magne Olav Selland - fag: hardingfele og munnharpe
Marit Warberg Vestheim - fag: piano, song
Marita Hovi - fag: song, band, ansvarleg for songstund på Helsetunet
Sindre Andreas Larsen - fag: bass, gitar, band, musikkteknologi
Susanne Marie Engelmann - fag: cello
Tore Espeset - fag: toradar
Vadim Borodin - fag: piano
Øystein Hovrud - fag: gitar
Øystein Skattebu - fag: spikkeskulen (tresløyd)
2026 - Betalingssatsar kulturskule
Satsar for 2026