Søknad om byte av skulekrins

Utgangspunktet er at elevar går på si nærskule. 

Jf. opplæringslova sin § 2-6 har elevane rett til å gå på ein skole i nærmiljøet. Kommunen kan gi forskrift om skolekrinsar. Ved tildeling av skoleplass og fastsetjing av forskrift om skolekrinsar skal kommunen leggje særleg vekt på kva skole som ligg nærast heimen. Kommunen kan også ta omsyn til topografi, trafikktilhøve og kapasiteten på skolane, og at barn i same nabolag får gå på same skole.

Etter søknad kan eleven takast inn på ein annan skole enn den eleven har rett til å gå på.

Ved søknad om byte av skulekrins vil kommunen ta omsyn til følgjande forhold:

  • Ei vurdering av barnets sitt beste vil ha stor vekt. Som ein del av ei barnet si bestevurdering er barnet si stemme. Eleven skal kunne få muligheit til å gje uttrykk for si meining i saka. Denne skal med inn som ein del av den heilskapelege vurderinga av barnet sitt beste.
  • Får eleven oppfylt retten til opplæring på nærskulen?
  • Er det plass til eleven ved den skulen han/ho blir søkt inn på? Dei som bur i kretsen har fyrsteprioritet på plassar, og overføringar som kan føre til uforsvarleg elevtal i klassen blir ikkje innvilga. Dette gjeld både dersom elevtalet blir så stort at ein må dele trinnet opp i fleire klassar eller at antalet blir så lågt på nærskulen at det går for mykje ut over medelevar.
  • Om eleven har sysken som alt går på skulen i den kretsen det blir søkt om overføring til.
  • Geografisk avstand.
  • Trafikk- og sikkerheitsmessige forhold.
  • Evt. andre omsyn

Søknadstypar

Type søknadKontakt/infoSøknadsfristHandsamast av
Endring av skulekrins ved innskriving i 1. klasseVed innskriving1.12 året før skulestartKommunedirektør
Endring av skulekrins i løpet av grunnskuletidaPå nærskulenIngen fristKommunedirektør
Eleven ynskjer å halde fram ved skulen ut skuleåret – trass i flytting til annan skulekrinsPå den tidligare nærskulenIngen fristKommunedirektør

 

Ansvarleg for skuleskyss ut over skuleskyss til nærskulen

  • Kommunen dekker skuleskyss:
    • Dersom skulebyte omhandlar at eleven ikkje får dekt retten til opplæring på nærskulen.
    • Dersom årsaken til skulebyte omhandlar trafikk- og sikkerheitsmessige forhold 
  • Ved andre forhold dekker heimane skuleskyss.

 

Søknaden blir ikkje handsama som enkeltvedtak, og det er da ikkje klagerett på vedtaket.

Kontaktinfo

Kjersti Hedalen
Kommunalsjef
E-post
Telefon 61 35 25 52
Mobil 91 72 35 53