Vedtak
Innspelet om nye område for utbygging blir teken inn i planen. Formannskapet ber kommunedirektøren vurdere forslaget til infrastruktur i innspelet og tilpasse denne slik at den ikkje kjem konflikt med beitenæringa og at den ivaretek prinsippa om god tilrettelegging for alle i hovudnettet for stiar og løyper, jf. sak om sentrumsutvikling.
Behandling
Bente Oxhovd gjekk frå behandlinga som inhabil. Gunnar Thue møtte som vara.
Gunnar Thue la fram følgjande framlegg til vedtak:
Innspelet om nye område for utbygging blir teken inn i planen. Formannskapet ber kommunedirektøren vurdere forslaget til infrastruktur i innspelet og tilpasse denne slik at den ikkje kjem konflikt med beitenæringa og at den ivaretek prinsippa om god tilrettelegging for alle i hovudnettet for stiar og løyper, jf. sak om sentrumsutvikling.
Forslaget frå Gunnar Thue vart samrøystes vedteke.