17.mai i Øystre Slidre - påmelding til kortesje

Det vert heller ikkje i år vanleg 17.mai-feiring i Øystre Slidre. Som i fjor vert det i staden arrangert kortesje med veteranvogner i nord- og sørgåande retning frå Heggenes. Kortesjen vil ha ein fart på 30km/t, og me oppmodar folk med veteranbilar, gamle traktorar, mopedar, russebilar og andre "klassiske" køyrety som kan halde følgje med kortesjen om å bli med. Pynt gjerne køyredoningane med flagg og "søljer".

Oppmøte ved Coop Heggenes kl.11.00. Toga vert organisert og leia av Valdres brann- og redningsteneste, saman med ordførar og varaordførar.

Meld deg på her

Køyreruter:

Nord:

Coop Heggenes – Robølsvegen – Sælshagadn – Bygdinvegen – Beitovegen – Beitestølvegen – Beitostølen – Beitostølen Helsesportsenter

Sør:

Coop Heggenes – Tingvang – Øvrebygdvegen – Bygdinvegen – Bergavegen – Køllstadvegen – Gamlevegen – Bygdinvegen – Sebu

 

Hovudansvarleg for toga: Øystein Skattebu, tlf.41 22 28 40 oystein.skattebu

Trafikkansvarleg for nordgåande tog: Rune Skoglund (Valdres brann- og redningstjeneste)

Trafikkansvarleg for sørgåande tog: Nils Skjerstein (Valdres brann- og redningstjeneste)

 

Reglar for køyretoget:

- Ingen går ut av bilen ved oppmøte på Heggenes

- Trafikkreglane skal fylgjast

- Det er ikkje lov å ta med passasjerar undervegs

- Det skal køyrast med normal avstand mellom køyretøya

- Ingen forbikøyring

- Hald god flyt for å unngå kø

- Utrykningskøyrety skal kunne passere uhindra

Toga vert kringkasta live via kommunen si heimeside www.oystre-slidre.kommune.no og på kommunen si facebookside.

Program for dagen

17.program (PDF, 2 MB)

Kontaktinfo

Øystein Skattebu
Kulturskulerektor og avd. leiar ung kultur
E-post
Mobil 41 22 28 40