3. plass til Sebastian Hansen i NM

Sebastian HansenI strålande haustver vart NM i 1/10 200mm track gjennomført i Volbu  28.-29.august. Det var god deltaking frå heile landet. 

1. Oskar Fjeld, 2.Øyvind Stusdal, 3. Sebastian HansenTre førarar med tilhald i Volbu og Valdres modellbilklubb hadde ein flott innsats. Kai Høgden tok 11. plassen, Åsmund Hertzenberg tok 8.plassen og Sebastian Hansen klartra heilt opp på ein 3.plass.

"Igjen ser vi en flott miks av unge og mer erfarne førere på pallen, og det er utrolig bra. Oskar Fjeld (Kvinesdal RC klubb) tar en sterk seier foran klubbkamerat Øyvind Stusdal. Videre kommer Sebastian Hansen, som akkurat har fylt 18 år, på en sterk tredjeplass", skriver grenansvarlig Anders Mikkelsen.