Aktivitetar for alle på Furustrand

Det er fine sommardagar i vente og ny vanntrampoline er på plass på Furustrand.

Takka vere gåvemidlar frå Sparebankstiftelsen Øystre Slidre har vi kunne investere i ny vanntrampoline då den gamle takka for seg.
 







Ein ny packraft er også på plass. Her er det rikeleg av aktivitetsutstyr for alle!
Vi ber om at alle tek godt vare på utstyret slik at det kan vare lengst mogleg. Alle har ansvar for at friluftsområdet på Furustrand blir teke godt vare på, og ser du personar som brukar utstyret for "hardt", ber vi om at du seier ifrå til vedkomande.

Dagsturhytta er mykje brukt og her skal det ryddast og sopast skikkeleg før ein forlet hytta. Dette gjeld også det gamle historiske badehuset.   

Vi har alle eit ansvar for at Furustrand skal sjå fint ut, fungere optimalt og vera ein triveleg plass å koma til.

Gled dykk til fine sommardagar på Furustrand😊

Kiosken og utstyrslageret er ope kl. 12-17 kvar dag.