Aktivitetsdag ved Helsetunet 1.september - Øystre Slidre kommune

Aktivitetsdag ved Helsetunet 1.september

Velkommen til ein triveleg og variert dag med fokus på deltaking, glede og meistring på Øystre Slidre Helsetun!

Mellom kl.10.00 og 11.30 vil det vere ei aktivitetsløype rundt Helsetunet. Det er berre å møte opp når de er klare i dette tidsrommet. Du må ikkje gå innom alle postane, ta dei postane de sjølv ønsker.

I kantina vil det vere moglegheit for å kjøpe bl.a. kaffe og vaflar, før det blir bingo med fine premiar.

DAGSPROGRAM

Aktivitesløype kl.10.00 - 11.30. Start ved hovudinngangen.

Cafe kl.11.30 - 12.30 i Moastogo

Bingo kl.12.30 - 13.30 i Moastogo

Treng du følgje i løypa? 10.klasse ved ØSUS stiller opp, eller inviter med deg ein ven!

Alle innbyggjarar er hjarteleg velkomne! Ingen er for gamle eller unge - ta gjerne med deg nokon som kan ha glede av dagen!

Har du spørsmål? Ta kontakt med Ingrid Øihaugen, ingrid.oihaugen@oystre-slidre.kommune.no

Kartpunkt