Arbeid med mogleg endra skulestruktur i grunnskulen i Øystre Slidre kommune

I Økonomiplanen 2026-2029 har kommunestyret bedt om følgande: 
"Vi skal i løpet av 2026 greie ut verknadene av mogleg endra skolestruktur, med vekt på verknad for læringsmiljø, læring og lokalsamfunn. Vi skal sikre brei medverknad frå FAU, tilsette  m.fl. i arbeidet."

Arbeidsgruppe

Det er sett ned ei arbeidsgruppe som skal greie ut saka:

Arbeidsgruppe skulestruktur
RolleRepresentant
Kommunalsjef og leiar for arbeidsgruppaKjersti Hedalen
RektorAre Alund
PedagogTerje Larsen
FagarbeiderKarianne Lien
Sekretær og rådgjevarGunhild Røyne
Helse, arbeider med barn og ungeTonje Bakken
HovudtillitsvaldUtdanningsforbundet
ForeldrerepresentantMari Rabben Lundby

 

Modellar som blir vurdert 

Det er tre modellar for skulestruktur som blir vurdert ut i frå oppdraget:

  • tre skular, slik som i dag.
  • to skular, ein ungdomsskule og ei barneskule plassert ein stad midt i bygda.
  • ei skule, 1.-10. klasse

Arbeidsgruppa er godt i gang med arbeidet. Vi jobbar med fagartiklar, statistikkar og medverking. Vi jobbar mellom anna med innhenting av informasjon frå elevar, føresette og tilsette ved spørjeundersøkingar og djubdeintervju.

Offentleg høyring

Utgreiing vil bli lagt ut til offentleg høyring i august 2026, og skal opp i kommunestyret i november 2026.

Nokre av representantane frå arbeidsgruppa for utgreiing av mogleg endra skulestruktur: Bak f.v. Mari Rabben Lundby, Terje Larsen, Karianne Lien. Framme f.v. Kjersti Hedalen, Gunhild Røyne, Tonje Bakken. Are Alund og Tone Klevrud var ikkje til stades.