Kva er arealressurskartet A5?
Arealressurskartet (AR5) vert nytta som kontrollgrunnlag for arealbaserte tilskot i jordbruket, i arealplanlegging, lovforvaltning og som dokumentasjon i ulike samanhengar. Kartet er også eit sentralt grunnlag for karttenesta Gårdskart som er mykje nytta av både bønder og landbruksforvaltninga for informasjon og dokumentasjon. Difor er det er viktig at kartet er så oppdatert som mogleg.
Svært mange grunneigarar vil finne at arealopplysningane for garden er noko endra etter denne gjennomgangen. Landbrukskontoret oppmodar difor alle til å gå inn og sjekke kva endringar som eventuelt er gjort på eigedomane. Dersom det er noko du som grunneigar ikkje forstår eller er samd i, må du ta kontakt med kommunen.
Kvifor er det gjort endringar i kartet?
For at arealressurskartet skal vere oppdatert er det nødvendig å bruke nye ortofoto (målestokkriktige flybilete) for å fange opp endringar som skjer i landskapet. Dei fleste oppdateringane som er gjort skuldast endringar i landskapet, t.d. nydyrking, nedbygging, tilplanting eller attgroing. Det kan også skuldast at kartet tidlegare har innehalde feil som no er retta opp.
Det er Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) som har oppdatert kartet, etter bestilling frå kartsamarbeidet Geovekst, som kommunen er ein del av. Bileta som er nytta i arbeidet er frå 2024. Det er også nytta kart med oppdaterte veg- og vass-data. Det er viktig å vite at det er tilstanden til arealet som vert lagt til grunn for klassifiseringa, ikkje korleis arealet faktisk vert nytta. Til dømes vert eit område som tilfredsstillar definisjonen for «fulldyrka jord» og kan fornyast ved pløying, registrert som fulldyrka, sjølv om det vert nytta til innmarksbeite.
Innmarksbeite
NIBIO har i dette ajourhaldet omklassifisert over 540 daa innmarksbeite til skog. Hovudgrunnen til den store endringa er m.a. at NIBIO har endra praksis slik at dei no endrar status for innmarksbeite ut frå vurdering av flyfoto. Tidlegare skulle kommunen synfare desse areala fyrst, noko vi generelt ikkje hadde kapasitet til å prioritere og det har slik vore eit etterslep. Kva som gjeld for innmarksbeite er gitt i informasjonsark frå NIBIO Innmarksbeite_enkel forklaring_Nibio_nn_2024.pdf.
Vidare oppdatering
Kommunen har ansvar for å halde arealressurskartet mest mogleg oppdatert fram til neste gjennomgang for oppdatering, noko som skjer ca. kvart 4-8 år. Tiltak som endrar jordbruksarealet er i dei fleste tilfelle søknadspliktige, og endringar skal meldast til landbrukskontoret.
Meir informasjon om arealressurskartet (AR5):
På NIBIO sine nettsider AR5 - Nibio finn du meir informasjon om kartet AR5. Det er også laga ein brosjyre “Hva gjør NIBIO ved periodisk ajourhold av FKB-AR5? om arealressurskartet”, den finn du her på NIBIO si nettside.
Oppmodning om å sjekke areala i gardskartet
Alle som søkte produksjonstilskot i 2025 (med aktiv e-post adresse) har fått e-post med oppmoding om å sjekke areala i gardskart for dei eigedomane dei disponerer. Har du spørsmål, kan du ta kontakt med landbruksrådgjevar Malin Kyrkjeeide Neteland.