Attraktive bustadtomter i Skammestein

 

I samband med vedteken reguleringsplan for Kølleberg bustadområde, luftar kommunen interessa med fire ledige bustadtomter i Skammestein. Det nye bustadfeltet ligg i området nedanfor det gamle samvirkelaget, mellom Skøltevegen og Lidar Skule.

Øystre Slidre kommune satsar på å etablere gode tilhøve for buseting i kommunesentera. Kølleberg ligg tett ved Lidar skule, og om lag 7 km frå Beitostølen sentrum.

 

I fyrste omgang er det lagt ut fire tomter med prisantydning på 390 000 kr, inklusiv kostnadar til vatn og avløp til tomtegrensa. Ved stor nok interesse, vil kommunen opparbeide tomtene,  som får flott utstyn mot Hedalsfjorden og fjellheimen.

Dei som er interesserte i tomtene i Skammestein, kan ta kontakt med kommunen for meir informasjon.

Ledige tomter i heile kommunen

Kommunen har lagt til rette for bustadutvikling i heile kommunen. I tillegg til nytt bustadfelt i Skammestein, vert det jobba med etablering av nytt bustadområde ved Haughovdhøvde på Heggenes. Kommunen har og ledige tomter i etablerte område som Solhauglie i Rogne, Løkjisskogen ved Tingvang, på Klyppemyrhaugen på Beitostølen og i Beito. Meir informasjon om alle tomtene finn du her.

Kontaktinfo

Jostein Aanestad
Kommunedirektør
E-post
Mobil 99 16 59 35