Ei spesiell takk til dei dyktige instruktørane Lina og Ellen, som gjer det mogleg for deltakarane å oppleve gleda av å vere i rørsle kvar veke.
I år har det vore 70 deltakarar fordelt på fire Sterk og Stødig-treningsgrupper, som er nesten ei dobling sidan oppstarten i 2022. Vi er stolte av å kunne ha eit godt tilbod for så mange Øystre Slidringar, og vi har jammen plass til endå fleire! Kunne du tenkje deg å prøve ein Sterk og Stødig-time, er du hjarteleg velkommen til det. Sterk og Stødig passar for deg som ikkje brukar ganghjelpemiddel innandørs og bur i eigen heim
Sommaravslutning for Sterk og Stødig ute ved Helsetunet
Øystre Slidre kommune
Oppstart hausten 2025
Vi startar opp att tilbodet til hausten med grupper på Tingvang, Moatunet, Solhaug Samfunnshus og Beitostølen Helsesportsenter. Sjå på sommaroversikta for aktuelle datoar.
Ønskjer du å vere instruktør for ei gruppe, eller ønskjer du ei Sterk og stødig-gruppe nærare der du bur? Ta gjerne kontakt med Frisklivssentralen i Øystre Slidre.
Vi ønskjer alle ein riktig god sommar!
Helsing Frisklivssentralen i Øystre Slidre
