Badevatnet ved Sandtangen har no god kvalitet
Øystre Slidre kommune tek i samarbeid med Miljøretta helsevern i Hallingdal og Valdres, i sumarsesongen jamnlege prøver av badevatnet ved to populære badeplassar: Furustrand (Heggefjorden) og Sandtangen (Volbufjorden).
Vassprøve tatt ved Sandtangen 5.august viste at vasskvaliteten ikkje var god, bading vart difor ikkje tilrådd.
Badevatnet ved Sandtangen er no av god kvalitet
Ny vassprøve frå denne veka (veke 33) viser at vasskvaliteten no er god.
Publisert 15.08.2025 10.50