Bøker, lydbøker og filmar på nett

I desse dagar kan Øystre Slidre folkebibliotek tilby digitale løysingar om du vil lese, lytte eller sjå på film. Vil du lese bøker eller lytte på lydbøker, kan du laste ned appen Bookbites, laga deg ein brukar og logge inn med lånekortnummer og pinkode. Tilbodet er gratis.

Ved å bruke lånekortnummeret ditt og pinkode som du får tilsendt frå biblioteket, kan du logge inn på https://filmbib.no/ og sjå filmar gratis. Du kan også lese digitalt på Bokhylla.no

Ta kontakt med biblioteket på epost: bibliotek@oystre-slidre.kommune.no får å få kort, nummer og/eller pinkode. 

Dersom du har lesevanskar, kan du bli medlem hjå NLB. https://www.nlb.no/

Du kan då  lytte til lydbøker gjennom appen Lydhør eller få tilsendt lydbøker i posten.

Årsaker til nedsatt leseevne kan vera:

  • Svekka syn som ikkje let seg korrigere med briller.
  • Dysleksi og andre lesevanskar.
  • ADHD.
  • Fysisk funksjonsnedsetting som gjer det vanskeleg å lesa ei bok (for eksempel CP, ME og Parkinson).
  • Kognitive utfordringar og/eller språkvanskar på grunn av sjukdom eller skade.

 

.