Brannen på Beitostølen Helsesportsenter er slokket - etterslokking pågår

Brannsjef Laila Lien Østgård informerte kl.13.30 om at hovudbrannen no er slokka. Situasjonen er under kontroll. Arbeidet med etterslokking vil pågå så lenge det er behov. Det blir vakthald igjennom natta, Sivilforsvaret bistår i arbeidet.

Dette er tidlegare pulisert i saka:

Politiet har ansvaret for handteringa av hendinga og informasjon kring den. Politiet har evakuert bebuarar og tilsette ved Beitostølen Helsesportsenter til Radisson Blu hotellet på Beitostølen.

Kommunen ordnar med mat og drikke til brannmannskap på staden og bidreg i samband med evakueringa.

Kontakttelefon for Beitostølen Helsesportsenter

Kontakt-telefon nr: 61 34 08 00

Informasjon til skuleelevar 

Det blir sendt ut informasjon til heimane om at skulebussane går som vanleg og elevane kan gå av bussen som vanlege på sin busstopp, bortsett frå dei som skal gå av Beitostølen Helsesportsenter, bussen stoppar ikkje her. Elevane har fått beskjed om å ikkje oppsøke brannområdet.

Denne artikkelen er publisert 14.06 kl.13.35.