Branntilløp i kommunal bustad på Heggenes

Litt før kl 17 tysdag vart det meldt om eit branntilløp i ei leiligheit på helsehuset på Heggenes (Bygdinvegen 2136, ikkje helsetunet). Ingen personar kom til skade under branntilløpet.

Helsehuset blir for tida brukt til kommunale bustader, og det er truleg berre ei leiligheit har fått skader. Denne vil være ubeboeleg ei stund framover. Sjølv om det ikkje er meldt om skader i dei andre leiligheitene, vil kommunen gå gjennom bygget onsdag, og vil ikkje sleppe inn bebuarane før alle leiligheitene er kontrollerte.

Kommunen har take hand om dei som bur i leiligheitene, og vil følgje desse opp vidare. Alle har fått tilbod om innkvartering på hotell. Nokre har takka ja til tilbodet, andre vil bu privat.

Branntilløpet påvirker ikkje helsestasjonen. Der vil det bli vanleg drift i morgon (onsdag).