Datakurs for eldre - Digihjelpen, stort oppmøte på oppstartsmøtet

Klikk for stort bileteØystre Slidre kommune vil i haust gjennomføre kurs i digital kompetanse for eldre. KS og kommunal- og moderniseringsdepartementet har saman med fleire andre aktørar utvikla eit tilbod som heter Digihjelpen og Digidel.

Nærare 40 personer har meldt si interesse for datakurs. Sjølve opplæringa vil gå føre seg i veke 41 og utover.

Gjekk du glipp av oppstartsmøtet? Ta kontakt med sentralbordet, tlf 61 35 25 00, for nærare informasjon.

Kurset er for deg som har mobil, nettbrett eller PC og har lyst til å lære meir om korleis du kan nytte desse. Kurset vil bli gjennomført på ulike nivå og tema.

Aktuelle tema er:

  • Bli kjend med utstyret; mobil, nettbrett, PC
  • Praktisk bruk av internett og e-post
  • Tilgang til offentlege tenester, logge inn med BankID/Min ID
  • Altinn/Digipost
  • Sosiale medier; Facebook, Instagram, Skype

Veiledarane på kurset vil vere frivillige. Kursinnhaldet vil så langt råd bli tilpassa den enkelte sitt behov.

Kartpunkt