Demensomsorg og demenskontakt

Det å få ei demensdiagnose er ei tøff påkjenning for ein sjølv, men også for dei som står ein nær. Øystre Slidre kommune har som mål å bli ein demensvennleg kommune. 

Demenskontakt

Demenskontakt er eit lågterskeltilbod for personar med demens og deira pårørande.  Ei demenskontakt kan nyttast til m.a. samtalar og veiledning etter demensdiagnose, heimebesøk, bistand i støtteapparatet og samarbeid mellom ulike instansar ein har kontakt med. 

Vindestogo

Vindestogo er eit dagaktivitetstilbod for heimebuande som har hukommelsessvikt grunna demens eller andre helseproblem som påverkar det kongnitive.

Meir informasjon om demensomsorg

Her kan du finne meir informasjon om demensomsorgen i Øystre Slidre kommune

 

Ta gjerne kontakt med Thora for en prat om demensomsorg og tenesten demenskontakt.

Kontaktinfo

Thora Ranum Nyhagen
Demenskontakt
E-post
Telefon 90 91 42 78

Arbeidstid: onsdagar og torsdagar, 08:00 - 15:00