Mobilnettet fungerer som normalt

Øystre Slidre kommune fekk kl 2325 bekrefta frå Nasjonal kommunikasjonsmyndighet at feilen som oppsto på mobilnettet tidlegare på kvelden nå er retta. 

Alt skal no fungere som normalt.

(Denne meldinga vart publisert kl 2330 den 19. april 2024)

Digital satsing i tilrettelagde tenester i Øystre Slidre kommune

Den 1. juni 2021 fekk den første av leilegheitene på Brennebakkin installert «digitalt tilsyn».

Frå tidlegare å ha hatt aktivt tilsyn med nattvakter, blir tilsynet no utført digitalt gjennom mobiltelefonen til nattevakttenesta i kommunen. Dette er eit samarbeid som fungerer svært godt, seier tenesteleiar Rune Sviund i tilrettelagde tenester. No slepp bebuaren å bli forstyrra ved at nattvaktene kjem innom fleire gonger om natta. Nattevakta kjem når sensoren har gitt passiv varsling på at noko har skjedd.

Digitalt tilsyn kan brukast utan at ein treng å trykkja på noko eller bera anna utstyr på seg.

Løysinga har funksjonalitetar som anonymisert og tidsavgrensa tilsyn, som erstatning for fysisk tilsyn. Det er mogeleg med tovegs tale mellom bebuar og tilsett. Og innlytt på bebuarrom med moglegheit for stemmeforvrenging.

Sensorar kan gje passiv varsling, til dømes når brukaren har falle, når brukaren har bevega seg ut av senga eller ut av rommet, eller når det kjem personar inn på rommet som ikkje skal være der. Vidare kan ein òg setja på andre funksjonar som dørvarsling der det er behov.

Kommunen kartlegg kva funksjonalitet ein ønskjer å ta i bruk, basert på behovet til kvar einskild brukar.

- Me i tilrettelagde tenester er veldig nøgde med å vera ein del av den digitale satsinga som skjer saman med Øystre Slidre helsetun. Helsetunet i Øystre Slidre kommune blir sett på som eit av Noregs smartaste helsehus, og det er me veldig stolte av å vera ein del av. Vår teneste og helsetunet kjem til å vera framoverlent for å satsa på morgondagens teknologi. Målsetjinga er at me skal liggja i front når det gjeld velferdsteknologisatsing i Noreg. Med dei dyktige tilsette i kommunen og den nye teknologien skal me gi ei god og kvalitativ teneste for bebuarar og innbyggjarar i Øystre Slidre kommune, avsluttar tenesteleiar i tilrettelagde tenester Rune Sviund.