Dugnad for ein reinare kommune

Etter initiativ frå ein privatperson har kommunen kjøpt inn nokre «søppelplukkarar» til utlån for folk som ynskjer å gjere ein dugnad for ein reinare kommune.

Under kan du sjå ein videosnutt med rådmann Jostein Aanestad i samtale med initiativtakar Grethe. Grethe har plukka søppel på Beitostølen.

Dei som ynskjer å låne søppelplukkaren, kan ta kontakt med resepsjonen i kommunen, tlf 61 35 25 00.