Dyrenes karneval

Målet var å skape ein alternativ og sosial læringsarena for elevane, i ei tid der dei vanlege konsertarenaene uteblir. I førre veke fekk over 120 publikumarar med seg Øystre Slidre kulturskule si oppsetting av dyrenes karneval i auditoriet på ØSUS.

Ettersom det ikkje let seg gjere å arrangere dei tradisjonelle store konsertane i kulturskulen, har det vore naudsynt å tenke alternative opplegg denne vinteren. På eit idemøte etter jul kom pianolærar i Øystre Slidre, Stian Alexander Olsen, med ideen om å sette opp «Dyrenes karneval». Verket er originalt eit kammermusikkverk, komponert til eit maskeradeball av den franske komponisten Camille Saint-Saëns, som beskriv ulike dyr i til saman 14 ulike satsar.

Både lærerar og elevar tende på iden, og etter to månader med planlegging og øving, kunne til saman 120 publikumarar få med seg forestillinga i auditoriet på ØSUS, torsdag og fredag i førre veke. Olsen har arrangert om ein del av satsane til å passe elevane sine ferdigheiter og orkesteret sin besetning, som inneheld både pianoelevar, strykerar, gitaristar, bassistar og perkusjonsinstrument. Dei ulike satsane vart fint bundne saman av fire dramaelevar i rollene til løva, skilpadda og harane, samt to flinke og sjarmerande danseelevar. Rektor, Kari Onstad, stilte sjølv opp og bles støv av gamle klarinettkunstar i rolla som gauken.

Erfaringa til elevar og lærerar er at det er kjekt å tenke annleis enn normalt, og å utfordre seg på nye ting. Alle som var med hadde ei viktig rolle, og var på kvar sin måte med å bere fram dei ulike satsane. Det er og kjekt å kunne spele fleir forestillingar, og merke korleis ferdigheiter og tryggheit på scena veks gjennom ein slik prosess. Det vil garantert blir fleir slike prosjekt i framtida, då forhåpentleg vis med fleir elevar og eit større publikum.