Eigenberedskapsveka 2025

Eigenberedskapsveka er ei årleg kampanjeveke med informasjon og aktivitetar om eigenberedskap. 

Eigenberedskapsveka vert arrangert i veke 44. Veka er initiert av Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB). Målet er å auke medvit og kunnskap om eigenberedskap, slik at fleire gjer førbuingar. Det vil gjere både deg og lokalsamfunnet betre rusta til å handtere kriser og hendingar som kan oppstå. Temaet for eigenberedskapsveka i år er beredskapsvenn.

Finn din beredskapsvenn

Illustrasjonsbilete beredskapsvenn - Klikk for stort bilete Sigve Aspelund, DSB

Alle treng ikkje gjere alt åleine. Det kan vere lurt å samarbeide med venner, familie eller naboar om eigenberedskap. Finn ut kven du kan hjelpe - og kven du kan få hjelp av. Samarbeid og fellesskap er viktig i kriser. Snakk med dei rundt deg om kva som kan skje, og korleis de kan klare dykk saman. Oppdater ditt eigenberedskapslager saman med ein beredskapsvenn.

Forslag til kva beredskapsvenner hjelpe kvarandre med:

  • Førstehjelp ved skadar
  • Omsorg og støtte
  • Opphald og overnatting ved evakuering frå eigen bustad
  • Omsetjing og forklaring av informasjon får styresmaktene
  • Praktisk hjelp til bruk av utstyr og verktøy
  • Innkjøp, bering og transport
  • Byte eller byte-lån av utstyr og varer
  • Lån av mobiltelefon som er kopla til eit anna nett enn ditt
  • Felles matlaging

Er du førebudd?

På DSB si nettside www.dsb.no/egenberedskap finn du informasjon og overordna råd om eigenberedskap.

Vi oppmodar alle våre innbyggjarar og fritidsinnbyggjarar til å nytte Eigenberedskapsveka til å bli førebudd på ei krise. Oppdater eigenbereskapslageret og finn din beredskapsvenn.

Brosjyren “Slik bidreg du til Noreges beredskap” kan du laste ned her. (PDF, 4 MB)