Kva er matrikkelen?
Matrikkelen er Noregs offisielle register over eigedommar, adresser og bygningar. Registeret blir brukt av både offentlege og private aktørar – blant anna i samband med eigedomssal, finansiering, forsikring, byggesaker og kommunal planlegging.
Dette kan du registrere
Gjennom den nye eigenregistreringsløysinga kan eigarar leggje inn supplerande informasjon om bustaden sin, til dømes:
- byggeår
- løysingar for vatn og avløp
- energi- og oppvarmingssystem
- bruksareal
Opplysningane som blir registrerte, vil vere eit tillegg i matrikkelen og erstattar ikkje nødvendigvis data som kjem frå andre kjelder.
Kven kan bruke tenesta?
Tenesta er open for privatpersonar som står registrerte som eigarar eller festarar av bustad eller fritidsbustad. Eigedomen må vere registrert med bygningsstatus i matrikkelen.
Nokre eigedomstypar er unnateke, mellom anna:
- bustader i burettslag
- eigedommar registrerte på juridiske personar
Kvifor er dette nyttig?
Oppdaterte data i matrikkelen gjev eit betre grunnlag for ei rekkje tenester og prosessar. Korrekte opplysningar kan ha betydning for:
- forsikring og finansiering
- taksering og eigedomssal
- offentlege avgifter
- kommunal behandling av søknader og planlegging
Slik gjer du det
For å registrere opplysningar loggar du inn i Eiendomsregisteret via ID-porten. Der får du oversikt over kva som alt er registrert på eigedomen din, og kan leggje inn informasjon dersom noko manglar eller er feil.
Nærare informasjon finn du her på kartverket si nettside