Felles markering i Valdres av frigjøringsdagen og den nasjonale veterandagen

Det blir ei felles markering av 8. mai i Valdres. Grunna korona-situasjonen er publikum oppmoda om ikkje å møte fram, men å følgje arrangementet på nettet.

Øystre Slidre kommune har inngått avtale med langsveien.no om videostrømming/videofilming av dei delane av arrangementet som skjer i Øystre Slidre kommune. Under ser du videolenke til tala ordførar Odd Erik Holden haldt ved bautaen på Tingvang i Øystre Slidre kl 0800. 


Du finn fullstendig program for 8. mai i Valdres her. (PDF, 542 kB)