Fjellstafetten 2019

Fjellstafetten vart i år arrangert for attande gong. Det er syttande gong vi registrerer kven som har gått ti toppar eller fleir, og i år var dette 411 personar.  Dei får ein kopp med motiv frå Svarthamartinden i premie. Koppane kan hentast i resepsjonen på Tingvang i slutten av desember. Lidar skule og Rogne barnehage er vinnarar av skule- og barnehagekonkurransen.

•    Talet på namn i bøkene:  10524

•    Namna fordelar seg slik:

1.    Gråhø  295
2.    Gravolskampen 2014
3.    Svoloberget 965
4.    Stryteberget 1083
5.    Skindrofjellet 713
6.    Godtumen 724
7.    Svarthamartinden 740
8.    Kringlehøgde 526
9.    Brøthøvdhøvda 717
10.    Hanakneet 915
11.    Skarvemellin 1193
12.    Høgd sør for Midtre Saur 639

• Dei som no har delteke i Fjellstafetten i fem år og vore på alle toppane kvart år, får ei blå t-skjorte. Dei som har delteke i 10 år og vore på minimum 10 toppar kvart år, får ei raud T-skjorte. Dei som har delteke i 15 år, får ei grå T-Skjorte.

• Det er trekt ut 24 tilfeldige namn frå bøkene.  dei får eit turkart over Øystre Slidre tilsendt i posten.

• 27 personar har gått  5 toppar på ein dag. Det vart trekt ut ein vinnar av ei fruktkorg.  

• 11 personar hadde gått  10 toppar på ein dag. Desse får svarte sportsskjorter med gullskrift.

• Lidar skule er vinnar av skulekonkurransen med  64 poeng i gjennomsnitt per elev.  

• Rogne barnehage er vinnar av barnehagekonkurransen med  35 poeng pr. barn over 3 år.

Vinnarane av skule- og barnehagekonkurransen får kvar si skiferplate med motiv frå Svarthamartinden måla av Lynn Hege Røyne Myrvang. I tillegg får Lidar skule sitt elevråd eit gåvekort på kr. 1500 og  Rogne barnehage eit gåvekort på kr. 500 til kjøp av aktivitetsutstyr.