Framtida til den gamle sjukeheimen - eitt steg nærare løysinga

Det siste halvåret har Asplan Viak arbeidd med ein moglegheitsstudie knytt til den gamle sjukeheimen på Heggenes. Målet med studien har vore å få innspel til korleis bygget og omgjevnadane kan transformerast og kva type aktivitet bygget kan verte fylt med. Det har vore eit spennande arbeid å følgje, og i mai vart studien ferdig. 

Biletet viser bygget sin fasade mot aust - Klikk for stort bileteFasade aust

Asplan Viak peiker på fire ulike scenario dei ser som realistiske for sjukeheimen si framtid. Resultata syner at det er fleire moglegheiter for korleis dei gamle institusjonslokala kan verte nytta i framtida. Scenarioet dei har valt å gå vidare med legg vekt på omforming til bueiningar med rom for fellesfunksjonar og opne møteplassar både for bebuarane og for resten av lokalsamfunnet. 

Ein kombinasjon av bueiningar og møteplassar vil skape meir aktivitet i området, og kan tiltrekkje seg andre innbyggjarar i lokalsamfunnet som kanskje saknar eit uformelt tilbod som nye møteplassar og fellesskap kan utgjere. 
Gjennom medverkingsverkstaden og samtaler med innbyggjarar har det kome mange gode og interessante idear til sjukeheimen si framtid, og det har ikkje vore mogleg å teikne ut alle alternativa i denne omgang. 

Framtida til sjukeheimen er framleis ikkje avgjort, og moglegheitsstudien er berre fyrste steg i prosessen med å omforma det gamle institusjonsbygget. Det er mange moglegheiter, mange potensielle løysingar, og det vert spennande å sjå kva resultat vi til slutt endar opp med – og kva lys og aktivitet som igjen vil skine frå vindauga i bygget. 

Moglegheitsstudien

Moglegheitsstudien utarbeidd av Asplan Viak kan du lese her (PDF, 35 MB)

Fasadeteikningar kan du sjå her (PDF, 2 MB)