Frivilligprisen for 2022 går til Gro og Pål Lundby

Det er ei glede for Øystre Slidre kommune og gje frivilligprisen til Gro og Pål Lundby.

Dei får prisen for sitt store engasjement for flyktningane. Dei organiserer norsktrening og driv med leksehjelp. Dei arrangerer skidagar, grillfester og dreg på kino. Dei driv kjøretrening, språk- og kvinne-kafè både i sin private heim og andre eigna stader. Dei er nysgjerrige på andre folkeslag sitt levesett og kultur, og er opptekne av kva vi kan lære av kvarandre.

Gro arbeida som integreringskonsulent før ho gjekk av med pensjon. Etterpå har ho saman med ektemannen Pål fortsett sitt arbeid med integrering. Dei har saman skapt eit miljø rundt flyktningane både privat og gjennom Røde Kors. Dei har vore døropnarar og brubyggarar, sett kvart enkelt menneske og gjeve dei omsorg. Dei er ildsjeler og gjer av seg sjølve på ein heilt unik måte.

Flyktningane er ein ressurs og Gro og Pål har klart å koble flyktning og samfunn saman på ein usedvanleg  god måte. 

Øystre Slidre kommune gratulerer med prisen. Frivilligåret 2022 vil bli markert 30.oktober på Tingvang med fest og prisutdeling.