Gåvepakke til utvikling av Furustrand friområde

Øystre Slidre kommune har laga ei plan for utvikling av friområdet Furustrand ved Heggenes. Sparebankstiftelsen Øystre Slidre støttar prosjektet med 2 millionar kroner – den største enkelttildelinga stiftinga nokon gong har gjort.

Stiftinga ser på Furustrand-prosjektet som eit allmennyttig tilbod som vil koma alle innbyggjarar og besøkande til gode. Målet med prosjektet er å gjere området meir tilgjengeleg for alle, og legge til rette for meir bruk av området ein større del av året.

Utviklingsprosjektet for Furustrand omfattar forbetring av ei rekkje eksisterande funksjonar, samt tilføring av nye, som vil heve kvaliteten og opplevinga av Furustrand som møteplass. Planane er basert på innspel frå ein moglegheitsstudie for sentrumsutvikling av området Heggenes-Tingvang, andre publikumsinnspel og erfaringar frå tidlegare drift.

Området er tenkt utvikla over ein treårsperiode, der den omtala turvegen frå Furustrand til Helsetunet, samt Dagsturhytta, er meint etablert hausten 2023. Vidare skal kioskbygget bli modernisert, og ein skal etablere eit større og betre utstyrslager for kanoar, kajakkar og anna aktivitetsutstyr. I tilknyting til kioskbygget vil det bli lagt til rette for uteservering, eit leikeanlegg, samt utbetring av volleyballbanen og plenarealet. Heile området vil også bli pynta opp, og få eit heilskapleg og naturleg uttrykk.

Sjølve rosina i pølsa - eit bryggjeanlegg for både bading, padling, roing, samt baderampe for personar med nedsett funksjonsevne, skal etablerast der bryggjeanlegget ligg i dag. Den nye «moloen» skal vere eit signalbygg og eit landemerke for det nye Heggenes, der det og er plan for ei offentleg badstove. Det skal vere umogleg å reise forbi Heggenes utan å ta eit stopp og dele eit bilete frå Furustrand og moloen.

Stønaden frå Sparebankstiftelsen Øystre Slidre er eit kraftig insentiv til vidare planlegging og gjennomføring av prosjektet.

Kommunen vil på vegner av innbyggjarane og komande brukarar takke stiftinga for støtta.

Illustrasjonar

Planskisse over Furustrand - Klikk for stort bilete
Illustrasjosnbilde Furustrand perspektiv - Klikk for stort bilete
Illustrasjonsbilde kioskbygg - Klikk for stort bilete