Mobilnettet fungerer som normalt

Øystre Slidre kommune fekk kl 2325 bekrefta frå Nasjonal kommunikasjonsmyndighet at feilen som oppsto på mobilnettet tidlegare på kvelden nå er retta. 

Alt skal no fungere som normalt.

(Denne meldinga vart publisert kl 2330 den 19. april 2024)

Gje di røyst ved folkerøystinga om Innlandet 10. - 17. februar

Har du adresse i Innlandet og fyller minst 16 år i løpet av 2022? Då kan du røyste. Det er fylkeskommunen som har ansvaret for folkerøystinga. Kommunen kjem her med informasjon på vegne av fylkeskommunen.

Kommunen kan rettleie deg dersom du treng det. 

Dersom du ikkje er norsk statsborgar, kan det hende du har røysterett likevel.  Sjå om du kan røyste

Digital folkerøysting

Du kan røyste digitalt frå 10. til 17. februar. Gå inn på www.innlandetfylke.no/stem. Der vil du òg finne meir informasjon om kva fylkeskommunen jobbar med.

Rettleiing

Vi i Øystre Slidre kommune kan rettleie deg med å logge deg på sjølve folkerøystinga. Vi vil ha ein pc tilgjengleg for bruk til folkerøystinga. Du må sjøv ha med elektronisk ID for å kunne røyste.

Dersom du treng rettleiing med å logge deg på til folkerøystinga, kom innom kommunehuset mellom kl.09.00 -15.00 eller ring sentralbordet på 61 35 25 00.

Treng du transport til kommunehuset? Ta kontakt med:

  • Frivilligsentralen, tlf 976 05 755.
  • Solveig i Eldrerådet, tlf 997 34 288.

Hugs digital ID

Du må ha elektronisk ID for å kunne røyste. Dette kan ta opptil ei veke å få på plass. Dei mest vanlege formane ved elektronisk ID er MinID og BankID. Sjå hjelp og rettleiing for elektronisk ID

Du røyster anonymt

Sjølve avrøystinga  skjer på ei sikker plattform, og du er garantert at namnet ditt ikkje kan knytast til kva du røyster.  

Adresse

Besøksadresse:

Tingvang
Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes