Vi har organisert eit kleslager i kjellaren på gamle sjukeheimen på Øvre Moen, Moavegen 38, der frivillige pakkar ut, systematiserer og hjelper til i opningstidene annakvar veke. Her kan dei som treng det mest, hente seg gratis klede, sko, leiker og diverse interiørartiklar. Vi har klede i str baby opp til XXL for dame og herre.
Arbeidet med gjenbruk er veldig meningsfylt og frivilligsentralen opplever at innbyggjarane i kommunen er rause og ynskjer å bidra. Dei som kjem innom for å ta i mot utstyr, er svært takknemlege for tilbodet.
Opningstid
Frå 31.august vil kleslageret vere opent annakvar torsdag kl.14.00 - 18.00.
Innlevering av klede, sko og anna utstyr
Vi tek i mot klede og sko i opningstida torsdagar eller etter avtale på telefon 976 05 755.
Dameavdelinga på kleslageret
Liv Vingdal