Hans Majestet Kong Harald V er død

Hans Majestet kong Harald har gått bort, og regjeringa har fastsett nasjonal sørgeperiode (landesorg) frå dødsdagen til gravferdsdagen. Nasjonal sørgeperiode er ei tid for ettertanke og ei markering av at folket i Noreg er i sorg.

Informasjon frå kyrkja

Dei som ønskjer å legge ned blomster, kan gjere det ved porten til Hegge Stavkyrkje. Vi gjer merksam på at det ikkje kan nyttast levande lys ved kyrkja.

Informasjon om opne kyrkjer og kondolanseprotokoll i kyrkjene finn du på kyrkja si nettside https://www.kirken.no/oystre-slidre

Kondolanseprotokoll

Det vert lagt ut kondolanseprotokoll på kommunehuset og ved hovudinngangen til helsetunet. Protokollen vil vere tilgjengeleg desse tidene: (frå måndag 31.08)

  • Kommunehuset, måndag til fredag kl.08.00 - 15.00.
  • Helsetunet, alle dagar, kl.08.00 - 19.00.

 

Elektronisk kondolanseprotokoll

Du kan signere ein elektronisk kondolanseprotokoll på Kongehuset si nettside https://www.kongehuset.no/

Rettleiar om nasjonal sørgeperiode

Regjeringa har lagt ut ein rettleiar om sørgeperioden, du kan lese dokumentet her på regjeringen.no