Hærverk og innbrot ved ØSUS

I lengre tid har me hatt aukande utfordringar med forsøpling og hærverk i området kring ØSUS og Gapahuken på Tingvang. Det heile toppa seg førre helg, i perioden torsdag 3. til sundag 6. august.

Måndag morgon kom me til eit rotete uteområde der det låg søppel strødd utover, bord som var velta på hovudet, sundrivne bibliotekbøker og ei øydelagt bokkasse ved biblioteket, og søppelkasser som var rivne ned frå stativa sine ved ØSUS. Det har og vorte øydelagt ein ny og kostbar elektrisk sykkel. Etter å ha sett nærare etter, oppdaga me at folk også har vore inne på biblioteket og spruta vaskemiddel utover golva, søla med kaffimaskina og romstert i skuffer og skåp. Det er og tydeleg at nokon har vore inne på andre delar av skulen. Det er ikkje synlege teikn på innbrot ved skulen, og me antek med dette at uvedkomande har nyklar til bygget. Sykkelen som vart øydelagt var låst inne i eit garasjeanlegg ved skulen.

I vår og sumar har me opplevd at fleire nykkjelboksar har vorte fjerna eller brotne opp, mellom anna ved ØSUS, den gamle sjukeheimen og ved klubben sin mekkeverkstad ved Helsehuset på Heggenes. Kommunen må bruke store og sure ressursar på å rydde opp etter denne aktiviteten, som me gjerne skulle ha brukt på andre og betre tiltak.

Kommunen har no anmeldt desse forholda,  i håp om å få ein slutt på øydeleggingane. Kommunen vil oppmode den eller dei som kjenner til eitt eller fleir av desse forholda til å melde seg til kommunen, der dei vil få høve til å gjere opp for skadane og levere inn att nyklane. Kommunen lovar ein god dialog og samarbeid kring dette.

 

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

Kontaktpersonar:

Halvor Eggen Pettersen, tenesteleiar teknisk drift

tlf 92 95 60 57, e-post: halvor.eggen.pettersen@oystre-slidre.kommune.no

eller

Øystein Skattebu, avdelingsleiar Ung kultur

tlf 41222840, e-post: oystein.skattebu@oystre-slidre.kommune.no

Kontaktinfo

Halvor Eggen Pettersen
Tenesteleiar teknisk drift
E-post
Telefon 95 85 60 57
Øystein Skattebu
Kulturskulerektor og avd. leiar ung kultur
E-post
Mobil 41 22 28 40