Held Øystre Slidre varme

Arbeids- og aktivitetsavdelinga ligg rett bak Sebu Bensin og driftar tre ulike tilbod, der to er tilrettelagte arbeidstilbod som blir drive i samarbeid med Valdres Arbeidssenter gjennom VTA-tiltaket. 

F.v. Inge Aarhaug, Jarle Os, Steinar Helle, avd.leiar Tore Granli, Jan Ottar Paulsrud, helsefagarb. Valentin Vega Rune Sviund Skogprodukt har hovudvekt på vedproduksjon, og aktivitetshuset har spesialisert seg på å laga produkt innan strikk, saum og veving. Dette er ein aktivitet som går føre seg alle dagar i veka, frå måndag til fredag. Nokre produkt blir produsert på bestilling, andre blir selde gjennom Valdres Folkemuseum og på julemesse. Men avdelinga har også sitt eige butikkutsal, Gøtt Laga. - Her er det berre å koma innom dersom ein treng gåveartiklar eller noko til seg sjøl. Og har vi det ikkje, kan det hende at vi kan laga det på bestilling, fortel arbeidsleiar Rønnaug Lien Poulsen.

Eit anna spesielt produkt dei er litt stolte av på avdelinga, er ryer vove av saueskinn. - Produktet kjem frå avskjær frå saueskinnet og blir klypt opp i reimar som deretter blir vovne i ulike mål på veven. Dette er ein spesiell ting som vi synest det er gjevt å laga ved Gøtt Laga, forklarar arbeidsleiar Heidi Berg.

Nytt av året er at aktivitetshuset også har ein del trearbeid i form av dreieprodukt for sal. Her er det moglegheiter for å koma med ynskjer dersom det er noko spesielt du er ute etter. Kanskje kan det lagast akkurat slik du ynskjer deg det. Så oppfordringa til lokalbefolkning og turistar er: stikk innom!

Etter sumaren, når det er slutt på grasklypping og andre serviceoppdrag, startar vedsalet ved Skogprodukt til hus og hytter i nærområdet. - Dette er det mange som set stor pris på, særleg no om dagen med så høge straumprisar, fortel avdelingsleiar Tore Granli. Det meste av dei  4500 vedsekkane som Skogprodukt har,  blir kjørt ut med lastebilen. Enkelte kjem også innom for å fylle opp bil og hengar. – Dette er ein stor og slitsam jobb med mange tunge lyft, men heldigvis har vi ein motivert og sterk arbeidsgjeng, seier avdelingsleiaren, som også fortel at dei i sesongen 2021 er rekordtidleg utselde for ved. - Sjølv om det er mykje fokus på produkta vi lager, så jobbar vi fyrst og fremst med menneske. Her ynskjer vi at folk skal få gleda av å skapa og meistre i trygge omgjevnadar, ut i frå sitt potensiale og nivå. Og vi har plass til fleire, seier Granli.

Kontaktinfo

Skogprodukt
E-post
Telefon 61 35 95 65
Mobil 97 53 11 90
Aktivitetshuset
Telefon 90 04 85 60