Sykling har vorte ein stadig meir populær aktivitet, og stadig fleire tek i bruk elektriske syklar. Mange syklistar nyttar naturlege stigar og fjellterreng, noko dei etter gjeldande regelverk har rett til. Bruk av vanlege tråsyklar og el-syklar i utmark er likestilt og tillate, så lenge el-syklane oppfyller vilkåra i forskrift 15. mai 1988 nr. 356 om bruk av motorkøyretøy i utmark og på islagde vassdrag, § 2a.
El-sykkel er i utgangspunktet definert som motorferdsel etter motorferdselslova § 2, og fell dermed inn under lovas hovudregel om forbod mot motorisert ferdsel i utmark, jf. § 3. Likevel er det gjort unntak for el-syklar som fell under definisjonen i forskrifta § 2a:
Med el-sykler menes sykler som er utstyr med elektrisk hjelpemotor med maksimal nominell effekt på 0,25 kW hvor hjelpemotorens effekt reduseres gradvis og opphører når sykkelen oppnår en hastighet på 25 km/t eller tidligere hvis syklisten slutter å trå. Sykkelen kan ved motorkraft alene ha en maksimal hastighet på 6 km/t.
Kommunen har heimel til å regulere bruken lokalt. Etter forskrifta § 2a kan kommunen vedta forskrift som forbyr bruk av el-sykkel i heile eller delar av utmarka, dersom det er behov for å verne natur, dyreliv eller sikre friluftslivets interesser. El-syklar gjer det mogleg å sykle både lengre, raskare og i meir krevjande terreng. Dette kan medføre større slitasje på naturen og auka konflikt med andre brukargrupper.
Valdresflye er eit område med rikt fugle- og planteliv, og det er registrert fleire raudlista artar og ansvarsartar som krev særleg omsyn. Det er mange turstigar i området, og bruk av el-syklar her gir utfordringar for bakkehekkande fuglar, då høg fart gjer det vanskelegare å oppdage reir på bakken, samt at det vert auka forstyrring på fuglane. El-syklar gir også auka slitasje på allereie sårbar fjellvegetasjon.
Etableringa av trillestigen på Valdresflye har gjort behovet for revisjon av gjeldande forskrift aktuelt. Auka ferdsel, særleg ved bruk av terrenggåande framkomstmiddel som el-syklar, rullestolar og andre hjelpemiddel, kan gi fleire moglegheiter for friluftsliv, men samtidig føre til meir slitasje på vegetasjon, erosjon i stiar og større forstyrring av dyrelivet.
Øystre Slidre Fjellstyre teke derfor opp spørsmålet om endring av forskrifta for å regulere bruken av el-sykkel i område som er sårbare for slik bruk.
Revisjonen inneber eit generelt forbod mot el-syklar i utmark i området på Valdresflye, jf. kartet under. Kommunen ønskjer likevel å vidareføre høvet til å nytte el-sykkel, samt opne får HC-framkomstmiddel på trillestigar for å sikre universell utforming og betre tilgjenge for personar med funksjonsnedsetjing, samstundes som vi tek omsyn til naturen og friluftsliv. Fleire verneområde, som Langsua- og Jotunheimen nasjonalpark, har allereie innført forbod mot bruk av el-syklar med visse unntak.