I mange land er mangelen på toalett og sikre sanitærløysingar framleis ei stor årsak til sjukdom og forureining.
Også i Noreg må vi ta ansvar for å ta vare på dei systema vi har – og det startar med noko så enkelt som kva vi skyller ned i toalettet.
Toalettet er ikkje ei søppelbøtte
Det einaste som skal kastast i do er tiss, bæsj og dopapir. Alt anna må i restavfallet. Når folk likevel skyller ned våtserviettar, bind, tampongar, q-tips, hår, snus eller andre framandlegemer, kan det få store konsekvensar. Du risikerer nemleg å møte att dosøppelet neste gong du vitjar den lokale badestranda.
Tette rør og øydelagde pumper
Våtserviettar og andre hygieneartiklar løyser seg ikkje opp i vatn. Dei festar seg i rør og pumper og dannar store klumpar som tettar igjen avløpssystemet. Kommunens driftspersonell må stadig rykke ut for å rense og reparere rør og pumpestasjonar – eit mildt sagt ekkelt, tidkrevande og kostbart arbeid.
Norsk vann har publisert eit debattinnlegg i samband med markeringa av dagen, du kan lese innlegget her på nettsida norskvann.no
Våtserviettar er verstingen blant søppel som hamnar i avløpssystemet. Oppryddinga i tette pumper kostar deg og meg dyrt.
Rune Volden