Kommunestyret vedtok 20.02.2025 i sak 03/25 følgjande:
1.a Inngå varige avtalar med grunneigarar, for å sikre føreseielege rammer. Ein ny avtalemal skal sikre etablering og drift av løyper. Kommunestyret ber kommunedirektøren involvere faglaga og juridisk kompetanse, i arbeidet med ny mal for grunneigaravtale. Ny avtalemal skal leggast fram for kommunestyret i mai, seinast juni-møtet.
1.b Regulerer skiløypenettet i kommunen og gjennomføre andre tiltak, der det ikkje er mogleg å få til varige avtalar. Kommunestyret ber kommunedirektøren varsle oppstart av ein reguleringsplanprosess.
2. Kommunestyret omdisponerer kr 250 000 frå midlar sett av til Beitostølen Fellesgoder AS i 2025 til arbeidet med frivillige avtalar for stiar og løyper. Arbeidet skal i samarbeid med faglaga resultere i ein ny avtalemal.
3. Kommunestyret vil ved handsaming av beitebruksplanen legge til rette for ein betre dialog og styrka tilliten med beitenæringen.
Kvifor nye avtaler?
Det er kommunen som er ser behovet for nye grunneigaravtalar for stiar og løyper. Bakgrunnen for dette er at vi har ein situasjon kor nokre grunneigarar nærleiken av Beitostølen har sagt opp avtalane dei har med kommunen og med Beitostølen Helsesportsenter. Oppseiing av løypeavtalane har også skjedd før, sjølv om det er mange år sidan no. Å sikre tilgangen på løyper er særleg viktig for reiselivsnæringa og for deltidsinnbyggarane. Kommunen har vurdert at dagens grunneigaravtaler ikkje gjev føreseielege rammer for løypedrifta, og ønsker difor å lage ein ny avtalemal og inngå nye avtalar med grunneigarane med bakgrunn i ny avtalemal.
Kvifor regulering av eit område på Beitostølen?
31.03.2025 vart det varsla oppstart om reguleringsplan for stiar og løyper i den nordlege delen av kommunen (sjå bilete). Dette ei oppfølging av kommunestyrevedtaket. Det har kome spørsmål på kvifor vi vel å varsle oppstart av reguleringsplan før vi har fått nye avtaler. Orsaka til dette er at det å regulere vil ta lang tid, og at vi derfor er nøgd til å la desse prosessane gå parallelt. I dei områda vi får ny avtale med alle grunneigarane treng vi ikkje å regulere. Kjem avtalar på plass for eit område/ei løype, vil det område bli teke ut av reguleringsplanområdet. Kommunen ønsker avtale med alle grunneigarar, slik at ikkje nokon område treng å regulerast.
Planavgrensing vist med sort stipla strek
Prosess
Administrasjonen har sidan vedtak i kommunestyret arbeidd med faglaga i landbruket for å lage ein ny avtalemal for leige av grunn til stiar og løyper. I utarbeiding av dagens avtale, var faglaga samarbeidspart. Kommunen har valt å gjere det same no. Vi har valt å nytte faglaga som samtalepart også fordi dei sit tett på beitenæringa og ser kva utfordringane anna bruk av utmarka i beitesesongen er for beitenæringa. Det er ønskeleg at dei nye avtalene skal vere betre og meir føreseielege både for grunneigarane og for kommunen.
Vegen vidare
Vi tek sikte på å handsame ny avtalemal i kommunestyremøtet 12. juni. Etter det vil administrasjonen invitere til eit informasjonsmøte for å gå gjennom avtalemalen, syne kva som er nytt i forhold til dagens avtaler og svare på spørsmål og starte arbeidet med å inngå nye avtaler med alle grunneigarar.
Spørsmål?
Har du spørsmål, ta kontakt med Tone Snortheim, e-post: tone.snortheim@oystre-slidre.kommune.no