Informasjon om nye løypeavtaler (Beitostølen-området)
Kommunen har sendt ut brev til grunneigarar i Beitostølen-området som har ein skiløype, hundeløype, sykkelløype, trillestig, eller andre type løyper som inngår i ein løypeavtale over sin eigedom.
Breva er utsende som ein del av førebuingane til informasjonsmøte som skal gjennomførast hausten 2025. På møta vil det bli gitt ei orientering om den nye avtalen og det vil vere høve til å signere.
Grunneigarar i området kring Beitostølen som har ein type løype over eigedomen, men som ikkje har motteke brev, vert bedne om å ta kontakt med kommunen.
Liknande informasjonsbrev vil bli sende ut til grunneigarar i resten av kommunen til hausten. Desse vil innehalde nærare informasjon om møtedato og møtestad.
Publisert 25.07.2025 14.19