INKLU set Øystre Slidre på kartet

Prosjektet INKLU er godt i gang, og pilotbedriftene – frå både Øystre Slidre og nabokommunane – har allereie gjennomført tre samlingar med høgt engasjement, stor deltaking og mykje kunnskapsdeling. Verksemdene viser eit tydeleg  samfunnsansvar ved å satse på inkluderande opplevingar og god tilgjengelegheit. Beitostølen Helsesportsenter (BHSS) er ein viktig medspelar og deler raust av si kompetanse.

Ei av samlingane inkluderte brukartesting i Beitostølen sentrum, der deltakarane fekk gå i lag med brukarane i gruppa «Aktiv i rullestol» frå BHSS. Det gav nyttig innsikt i kvardagsutfordringar knytt til tilgjengelegheit. Erfaringane frå turen, kombinert med demonstrasjon av aktivitetshjelpemiddel, skapte stort engasjement og inspirasjon. Sjå video frå dagen her.

INKLU er også invitert inn som partnar i det nasjonale prosjektet Access Norway, finansiert av Bufdir, som skal bidra til å utvikle standardar for tilgjengelegheit i reiselivet i Noreg.

Søker etter fleire med erfaring frå å leve med funksjonsnedsetting

No søker vi fleire med erfaring frå å leve med funksjonsnedsetting til referansegruppa. Har du innspel eller ønskjer å bidra? Ta kontakt med prosjektleiar Elisa Sevilla Ulfstedt på e-post: elisa.sevilla.ulfstedt@oystre-slidre.kommune.no.
Prosjektet er støtta med midlar frå Innlandet fylkeskommune gjennom ordninga for lokal samfunnsutvikling.

Elisa Sevilla Ulfstedt
Prosjektleder Inklu
Mobil: +47 91705497