Instruktørkurs for Sterk og Stødig - Øystre Slidre kommune

Instruktørkurs for Sterk og Stødig

Ønskjer du å bidra til tryggare og meir aktive kvardagar for eldre?

Som instruktør i Sterk og Stødig får du være med å skape eit viktig treningstilbod for personar over 65 år som bur heime og som kjenner at balansen ikkje er heilt som før. Du treng ikkje erfaring som instruktør. På kurset får du grundig og trygg opplæring, ferdige treningsopplegg og støtte frå kommunal rettleiar. Som instruktør vert du løna etter vilkåra for aktivitetskontakt.

Les meir om konseptet Sterk og Stødig på aldringoghelse.no

Om instruktørkurset

Dato: 10.-20.mai.
Tid: kl.09.00 - 14.00.
Stad: Øystre Slidre Helsetun.

Kurshaldarar er Ingrid Øihaugen og Maren Rakstad Gunderhuset.

Påmelding og spørsmål

Telefon: 469 41 295.
E-post: maren.rakstad.gunderhuset@oystre-slidre.kommune.no

Vi set pris på påmelding innan 11.mai, men tek imot påmelding fortløpande.