Ivrige boklesarar i 1.-7.klasse i Øystre Slidre

Sommarles er over for denne gongen, og me vil gratulere alle dei 90 ivrige ungane i Øystre Slidre som har vore med! I snitt har dei lese 1788 sider kvar i sommar, og dermed ligg Øystre Slidre på ein tredjeplass i Oppland, etter Skjåk og Lom. Hald fram med å lesa, om du les sakte eller fort, eller blir lest for. Målet er å kose seg med bøkene. Det er framleis nokon som ikkje har henta premiar, det er berre å koma på biblioteket på Tingvang. Og så kan de gle dykk til neste sommar, då blir det ny Sommarles. I mellomtida kan de låne bøker på skulebiblioteka og på biblioteket på Tingvang, nye leseopplevingar ventar utover hausten og vinteren!