Kommunalt næringstilskotI kommunestyret 2. oktober vart det vedteke nye retningsliner for kommunalt næringstilskot. Ordninga tek til med verknad frå 01.01.2026.Du kan søke kommunen om kommunalt næringstilskot. Føremålet er å støtte næringsutvikling i landbruket.Om ordningaØystre Slidre kommune gjev tilskot til prosjekt som har fått innvilga BU-tilskot frå Innovasjon Norge. Kommunen gjev inntil 20% av tilskotet utmålt av Innovasjon Norge. Det vert gjeve inntil 10% av tilskotet utmålt av Innovasjon Norge, dersom søkjar også har fått tilskot frå Innlandet Fylkeskommune.Desse kan søke om tilskotEigarar av landbrukseigedom eller verksemder med tilknyting til landbrukseigedomar (Innovasjon Norge sin vurdering) med fysisk tilhald i Øystre Slidre kan søke om tilskot frå ordninga.VilkårFor at du skal få innvilga tilskot må du ha eit prosjekt som har fått innvilga BU-tilskot frå Innovasjon Norge.Slek kan du søke om kommunalt næringstilskotDet er ikkje noko søknadsskjema for ordninga. Du skriv ein fritekst og legg ved vedtak om utbetaling frå Innovasjon Norge, og sender dette til post@oystre-slidre.kommune.no. Det er søknadsfrist to gonger i året. 1. mars og 1. oktober. Ordninga tek til med verknad frå 1. januar 2026. Publisert 09.10.2025 11.03