Kommunedelplan for naturmangfald - offentleg høyring

Formannskapet (19/26), har i møte 12.03.2026 vedtatt å legge Kommunedelplan for naturmangfald ut på offentleg høyring. Vedlagt ligg Kommunedelplan for naturmangfald for Øystre Slidre kommune, samt tilhøyrande handlingsplan.

Kommunen har motteke tilskot frå Natursats til å utarbeide ein kommunedelplan for naturmangfald, og til å gjennomføre naturkartlegging sommaren 2025. Med grunnlag i denne kartlegginga, annan tilgjengeleg kunnskap og ein medverknadsverkstad er det no utarbeidd eit utkast til plan og tilhøyrande handlingsplan.

Hovudmålet med ein kommunedelplan for naturmangfald er å gi ein heilskapleg oversikt over lokalt naturmangfald, prioritert arealbruk og tiltak, i tillegg til å integrere miljøomsyn i arealplanlegginga og den kommunale forvaltninga elles. Planen skal vere eit viktig grunnlag for avgjersler i forvaltninga, og sikre føreseieleg sakshandsaming. 

Det er òg utarbeidd eit framlegg til ein tilhøyrande handlingsplan. Handlingsplanen skal synleggjere korleis dei ulike strategiane for å ta vare på og fremje naturmangfaldet skal følgjast opp. Kommunen ønskjer særleg å motta fleire konkrete innspel til relevante tiltak, prosjekt eller liknande. Handlingsplanen vil difor bli ferdigstilt etter at høyringsperioden er avslutta.

Dokumenta i saken

Høyringsutkast av kommunedelplan for naturmangfald finn du her (PDF, 6 MB)

Høyringsutkast av handlingsplan for kommunedelplan for naturmangfald finn du her (PDF, 60 kB)

Har du innspel?

Innspel kan sendast til kommunen, merka med «Innspel til Kommunedelplan for naturmangfald» på e-post til post@oystre-slidre.kommune.no eller i brev til Øystre Slidre kommune: Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes.
Høyringsfristen er sett til 5. mai 2026.

Har du spørsmål?

Spørsmå kan rettast til sakshandsamar Nina Karoline Svensrud, e-post: nina.karoline.svensrud@oystre-slidre.kommune.no

Kontaktinfo

Nina Karoline Svensrud
Rådgjevar landbruk og utmark
E-post
Telefon 47 68 34 26