Kompetanse på grunnleggjande traumeforståing i det tverrfaglege arbeidet i kommunen

Representantar frå alle kommunar i Valdres har delteke på grunnkurs i traumeforståing. Deltakarane representerer einingane barnehage, skule, helsestasjon, skulehelseteneste, psykisk helseteneste/helsearbeid, flyktningeteneste, asylmottak og barneverntenestene i Valdres. FACT Valdres og DPS avdeling Valdres var og representert.

Traumeforståing i det tverrfaglege arbeidet i kommunen

Mange barn, unge, vaksne og flyktningar i kommunane våre lever med erfaringar som kan vera overveldande og belastande. Traume kan oppstå etter vald, omsorgssvikt, ulykker, mobbing, langvarig stress, krig eller flukt. Slike opplevingar påverkar både kropp, kjensler, læring, helse og relasjonar.

For å gi god og heilskapleg hjelp er det avgjerande at tenester i kommunen har ei felles forståing av kva traume er, og korleis dei kan visa seg i kvardagen. Traumeforståing handlar ikkje om å “diagnostisera”, men om å møta menneske med tryggleik, føreseielegheit og respekt. Kommunen skal jobbar på tvers av tenester for å sikra heilskapleg oppfølging.

Tryggheit for alle

Kommunen skal vera ein trygg stad å bu, vekse og leve – også for dei som ber med seg vanskelege erfaringar. Mange har vorte utsette for store belastningar utan å ha fått den støtta og omsorga dei har hatt behov for. Eit traumesensitivt perspektiv erkjenner den potensielle negative effekten av traumet på den psykiske helsa, og dessutan moglege vegar til betring.

Alle Valdreskommunene deltok med representanter frå barnehage, skule, helsestasjon, skouehelseteneste, psykisk helseteneste/helsearbeid, flyktningetjeneste, asylmottak og barneverntenestene i Valdres. FACT Valdres og DPS avdeling Valdres var og representert.

 

Kurset vart arrangert i regi av Sykehuset Innlandet med foredragshaldar Gabrielle Frøen og avdeling psykisk helse i Øystre Slidre kommune.