Konsert på Helsetunet

Onsdag ettermiddag fekk Helsetunet besøk av Leif Inge Thormodsæter. Det er 11.gongen han besøker oss, og fyrste gong i nytt hus. Dette var stor stas.

Leif Inge Thormodsæter på Helsetunet Kari Onstad Leif Inge er utdanna frå Agder musikkonservatorie. Han har eit program av viser frå Søndagsposten og serverte alle dei kjente og kjære sangane på rekke og rad; Erik Bye, Prøysen og Sandbekk. Mange i publikum kunne mykje tekstar og song med. Leif Inge har arbeida som musikar sidan 1987 og har over 10 000 institusjonskonsertar bak seg. Imponerande. Takk for besøket og velkommen tilbake.