Kulturminnemøte på grendehuset

Øystre Slidre kommune startar arbeidet med å revidere temaplanen for kulturminne og kulturmiljø, og vil ha dine innspel med i prosessen.

Kva for stader i Øystre Slidre betyr noko for deg? Veit du om hus, gamle ferdselsvegar eller andre kulturmiljø i ditt nærområde som er viktige å bevare for framtida? Har vi bygningar og miljø som kan fyllast med nytt innhald, og vera ressursar for samfunnsutvikling og næringsliv? Eit anna spørsmål er korleis vi alle kan bidra til å forvalte – og formidle kunnskap om – verdifulle kulturminne.

Møte på grendehus

Vi planlegg fire møte, der kommunen orienterer og inviterer til innspel:

  • Beito grendehus 4. november kl.18.00 - 20.00
  • Dale grendehus 19.november kl.18.00 - 20.00
  • Volbu grendehus 07.januar kl.18.00 -20.00
  • Solhaug samfunnshus 14.januar kl.18.00 - 20.00

Møt opp på eitt av møta eller alle fire! Vi annonserer meir informasjon i samband med dei enkelte møta.

Kva er eit kulturminne?

I stortingsmeldinga Nye mål i kulturmiljøpolikken. Engasjement, bærekraft og mangfold står det at alle skal kunne engasjere seg i og ta ansvar for «sine» kulturminne, og at alle har rett til å definere kva for kulturminne det er. 
I lova om kulturminne heiter det: «Med kulturminner menes alle spor etter menneskelig virksomhet i vårt fysiske miljø, herunder lokaliteter det knytter seg historiske hendelser, tro eller tradisjon til.» 

Det er altså ingen andre «krav» til eit kulturminne enn at det skal vera spor etter menneske. Men eit viktig spørsmål er om det har betydning for fleire – enten i eit lokalt, regionalt eller nasjonalt perspektiv. 
I stortingsmeldinga finn vi ein annan definisjon som er verdt å merke seg: «Kulturmiljø som samlebetegnelse dekker begrepene kulturminner, kulturmiljøer og landskap og brukes når feltet omtales som helhet.»