Kulturprisen for 2022 går til Trollrock

Det er ei glede for Øystre Slidre kommune å kunngjere at kulturprisen for 2022 går til Trollrock.

Trollrock er ein friluftsfestival på Beitostølen med høge ambisjonar. Dei har i 10 år fått utruleg mange kjente og kjære artistar og festivalgjester til Øystre Slidre. Den gode musikken kombinert  med fantastisk natur har sett bygda vår på kartet. Dei serverer lokal mat og drikke. Dei engasjerer lokale ungdomar til bandkonkurranser og let unge rocketalent få ein arena. Dei har over 150 frivillige som gjer ein god innsats. Dei er miljøsertifiserte via stiftinga FEE Norway. I tillegg tilbyr dei rabaterte billettar for ungdom via UngINN. Dei går inn for å vere ein festival for alle og tilbyr både lokalbefolkning og tilreisande ei fantastisk kulturoppleving.

Det heile starta i 2011 med Atle Dalen og Trond Rogne. Med inspirasjon frå musikkmiljøet i bygda og «Høpp i føssen» vart Trollrock ein realitet. Nær alle dei større norske artistane har vore innom Trollrock. I 2018 gjekk Trond Rogne vidare åleine og danna Trollrock-familien, eit styre på ni personar. 2022 skulle vere 10. og siste året, men heldigvis vart dette gjort om. Festivalen har funne sin form og vil derfor fortsette.

Trond Rogne seier festivalen freistar å halde ein profil der den gjengse valdris kan kjenne seg heime. Lokale bedrifter, artistar frå Valdres, frivillige, miljøperspektiv er nokre stikkord på satsinga vidare.

Kulturprisen vil bli delt ut på eit arrangement i løpet av året.