Stakkstølie Nord, planid 201503Planendringa omfattar justering av føresegnene, og inga endringar i plankartet. Reguleringsendringa gjeld justering av utnyttingsgrad for eksisterande tomter regulert til fritidsbusetnad.
Utnyttingsgraden vert auka frå 136 m² BYA til 163 m² BYA for tomter under 834 m², for tomter mellom 834 m² og 1200 m² vert utnyttingsgrad auka frå inntil 12 %-BYA til 15 %-BYA + 36 m² BYA (biloppstillingsplass), og for alle tomter over 1200 m² vert utnyttingsgrad auka frå 15 %-BYA til 15 %-BYA + 36 m² BYA (biloppstillingsplass) .
Auka utnyttingsgrad er i samsvar med mål i kommuneplanen sin arealdel om auka utnytting i eksisterande fritids- og bustadfelt.
Endringa i utnyttingsgrad legg til rette for noko større fleksibilitet innanfor allereie regulerte fritidstomter, og det er vurdert som eit avgrensa grep for meir arealeffektiv utnytting av eksisterande byggjeområde med etablert infrastruktur. Planendringa opnar ikkje for nye tomter, nye fritidsbustader eller nye byggjeområde. Endringa vert ikkje vurdert til å medføre vesentlege negative konsekvensar for landskap, grønstruktur, friluftsinteresser eller andre miljø- og samfunnsomsyn i området.
Planen sin gyldighet
Etter plan- og bygningslova § 12-4 er planen gjeldande frå formannskapet sitt vedtak.
Klageadgang
Det er høve på å klage på vedtaket, jamfør forvaltningslova. Frist for å klage på vedtaket er 8.oktober.
Eventuell klage kan sendast til Øystre Slidre kommune, i e-post til post@oystre-slidre.kommune.no, eller i ordinær post til Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes.