Kunngjering - tildeling av kommunale prisar for 2026 - Øystre Slidre kommune

Kunngjering - tildeling av kommunale prisar for 2026

Øystre Slidre kommune deler kvart år ut prisar for å heidre enkeltpersonar, lag og organisasjonar og bedrifter som gjer ein særleg innsats for lokalsamfunnet. Prisane skal løfte fram engasjement, skaparglede og vilje til å bidra – til inspirasjon for andre og til styrking av eit levande og inkluderande lokalsamfunn. 

Formannskapet er prisnemnd, og tek stilling til kven som får prisane basert på innspel til kandidatar frå allmenta og etter eigen kjennskap til lokalmiljøet. 

Vinnarane for 2026 representerer breidda i dette engasjementet, frå frivillig arbeid og kulturliv til ungdomsinitiativ og næringsutvikling. Felles for dei er at dei gjennom innsats, kvalitet og formidling er med på å setje Øystre Slidre på kartet og skape stoltheit i kommunen.

Vinnarane av kommunale prisar for 2026

Kulturprisen vert tildelt Beitostølen Helsesportsenter.

Frivilligprisen vert tildelt Øystre Slidre helselag.

Ungdomsprisen vert tildelt gamaldansgruppa Kælvemellin.

Næringsprisen vert tildelt Skimakar`n og budeia.

 

Prisane vert delt ut under Bygdedagen på Tingvang, laurdag 29. august. 

Grunngjeving for tildelingane kan du lese her